Fire auge med glimt og strålar under vippene. Heile spegelglaset fullt. Spørsmål som skyt fram og gøymer seg att. Eg veit ikkje: Glimt og strålar, glimt frå deg til meg, frå meg til deg, og frå meg til deg åleine - inn i glaset og tilbake, og aldri noko svar på kva dette er, aldri noko løysning. Dei raude putande leppene dine, nei det er mine, så likt! Håret på same måten, og glimt og strålar. Det er oss! Vi kan ikkje gjera noko med det, det er som frå ei anna verd. Biletet byrjar å svive, flyt ut til kantane, samlar seg, nei samlar seg ikkje. Det er ein munn som smiler. Ein munn frå ei anna verd. Nei det er ingen munn, det er ikkje noko smil, det er noko ingen veit - det er berre oppspana augevipper over glimt og strålar.

Author: Tarjei Vesaas

Fire auge med glimt og strålar under vippene. Heile spegelglaset fullt. Spørsmål som skyt fram og gøymer seg att. Eg veit ikkje: Glimt og strålar, glimt frå deg til meg, frå meg til deg, og frå meg til deg åleine - inn i glaset og tilbake, og aldri noko svar på kva dette er, aldri noko løysning. Dei raude putande leppene dine, nei det er mine, så likt! Håret på same måten, og glimt og strålar. Det er oss! Vi kan ikkje gjera noko med det, det er som frå ei anna verd. Biletet byrjar å svive, flyt ut til kantane, samlar seg, nei samlar seg ikkje. Det er ein munn som smiler. Ein munn frå ei anna verd. Nei det er ingen munn, det er ikkje noko smil, det er noko ingen veit - det er berre oppspana augevipper over glimt og strålar. - Tarjei Vesaas




©gutesprueche.com

Data privacy

Imprint
Contact
Wir benutzen Cookies

Diese Website verwendet Cookies, um Ihnen die bestmögliche Funktionalität bieten zu können.

OK Ich lehne Cookies ab